onsdag 30. april 2008

Jasså?

Hm... Arild Riise er sååå utvatna at han høyrast ut som ålesundar.. eller ålesunner som han sikkert vil sei. En konverterar berre ikkje over til ålesundsdialekta, sjølv om ein bur der. Har han kansje gløymt kvar han kjem i frå?

tirsdag 29. april 2008

Byfenomen?

Før eg flytta til byen Bergen var det mange ting eg ikkje hadde opplevd før; som bråkete naboar og brukte sprøyter ved bussholdeplassen.

Eg vart så fasinert av denne sprøyta at eg måtte ta bilete av den. Heldigvis var spissen knekt, men for stakkars uskuldige meg så vart det enno litt skummelt!

Første innlegg

Ja, eg har laga meg ein ny blogg for å kunne skrive om alle moglege ting, som ikkje berre handlar om foto eller er basert på det. Om eg vil fortelje om kva slags truse eg har på meg i dag eller kva slags politikar eg helst vil halshogge så er det her. I dag har eg forresten på meg kvit med brunt og turkis mønster, og som alltid så misslikar eg Carl I. Hagen. Ikkje at han har gjort noko spesielt gale i det siste, men eg trur det ligg genetisk i meg å misslike han.

Har forresten fått sommerjobb i dag, eller fekk tilbod om det, og skal svare snart. Skal vaske gulv og klede, og forhåpentlegvis så skal ikkje eg farge alle trusene rosa og blå i år også. (mykje trusesnakk?)

Eg er hekta på å følge med på nyheitene, les dabladet og nettavisen og abonnerar på tv2 sumo (nett-tv), der får eg med meg nyheitskanalen døgnet rundt.

Planlegg flytting frå Bergen til Trondheim til neste når om eg kjem meg inn på skule der. Er litt lei av universitetet her no, men vil ikkje flytte frå kjæresten min om han blir lenger i Noreg enn ut somaren. Er faktisk litt glad i den jævelen tross alt ;)